Meld inn utfordringar i farvatnet som bør utbetrast
Her kan interesseorganisasjonar og offentlege instansar melde inn behov knytt til utfordringar i farvatnet som påverkar moglegheitene for trygg, effektiv og miljøvennleg ferdsel i farvatnet og inn mot offentleg tilgjengelege hamner.
Dette er ikkje ein søknad, men ein moglegheit til å melde inn eit ynskje. Dersom innspelet er godt, vil vi vurdere å gjennomføre ei samfunnsøkonomisk analyse og sjå på moglege løysingar. Større tiltak må eventuelt prioriterast i Nasjonal transportplan for å kunne gjennomførast.
Feil på sjømerke og farar i vatnet
Dersom det gjeld feil på sjømerke eller andre farar av betyding for sikker navigasjon eller ferdsel, må du <0>varsle Nasjonal koordinator</0> for navigasjonsvarslar i staden.
Sjå kven som skal varslast om feil (kystverket.no)Sensitive opplysningar og unntak frå offentleg innsyn
Opplysningar eller dokument som inneheld sensitiv informasjon eller som er unntatt offentleg innsyn skal sendast inn via eDialog og ikkje via denne løysinga.