Løyve til tiltak etter hamne- og farvasslova
Skal du gjennomføre eit tiltak som kan påverke tryggleik, ferdsel eller forsvars- og beredskapsinteresser i sjøen? Då må du søkje om løyve.
Dette kan du søkje om:
Innretningar (bru, brygge/flytebrygge, energianlegg i sjø, kablar/røyr/leidningar, kai/molo/bølgedempar, luftspenn, merdanlegg, petroleumsinnretningar)
Naturinngrep (dumping av massar, omlasting frå skip til skip, sprenging, utdjuping/mudring)
Aktivitetar (større slep, båtrace/regatta, omlasting frå skip til skip, opplag, seismiske undersøkingar, utprøving av utstyr)
Kven kan søkje?
Kommunar og kommunale hamneføretak kan søkje om tilskot som skal gå til fiskerihamnetiltak.
Før du søkjer:
Dersom du tek på deg oppdraget med å søkje på vegner av noen treng du ein fullmakt
Dersom byggegrunnen ikkje er trygg må du kunne gjere greie for kvifor tiltaket likevel bør kunne gjennomførast
Dersom tiltaket strir mot gjeldande kommuneplans arealdel eller reguleringsplan treng du dispensasjon
Skal du søkje hos Kystverket eller kommunen?
Du kan søkje hos Kystverket dersom minst eitt av kriteria gjeld:
Tiltaket skal liggje heilt eller delvis i farlei
Tiltaket ligg utanfor farlei, men kan påverke tryggleik eller ferdsel i hovudlei eller bilei
Dersom ingen av kriteria gjeld, må du søkje hos kommunen i staden.
Sensitive opplysningar og unntak frå offentleg innsyn
Opplysningar eller dokument som inneheld sensitiv informasjon eller som er unntatt offentleg innsyn skal sendast inn via eDialog og ikkje via denne løysinga.